Tre millionar endra bygd på Sunnmøre
Trandal er ei veglaus bygd ved Hjørundfjorden på Sunnmøre. For å kome seg dit må ein anten gå over fjellet, ta ferja eller hurtigbåt. Dagleg er det tre ferje- og hurtigbåtavgangar. På den vesle plassen med berre åtte innbyggjarar er det verken skule eller butikk. Likevel har bygda fått internasjonal merksemd.